Rideskolen

Generell informasjon

Rideklubben har ridekurs som går frå januar til juni og frå august til desember. Vi har knøttekurs, kurs for nybegynnere, dressur og sprang. Gruppene blir delt inn etter nivå på ryttarane så langt dette er mogleg.

For å melda seg på, bruk påmeldingsskjemaet.

Dei fyrste gongane vil elevane få sale på og sale av ponniane. Kom gjerne i stallen i god tid før timen din dersom du har fyrste time, eller rekne litt ekstra tid dersom du har siste time. De vil sjølvsagt få opplæring dersom dette er nytt for dykk.

Vi har nokre hjelmar til utlån. Kursdeltakaren må ha på sko /støvel med hæl og sikkerhetsvest.

Tyggis er ikkje tillatt på hesteryggen.

Dersom ein ikkje kan møte til timen MÅ instruktøren din få beskjed i god tid!

Mål og forventningar for kursa

Nybegynnar:

Passar for deg som har liten til ingen erfaring med hest. Her lærer du å meistre hesten i skritt og trav. Du får kanskje øvd deg på galopp etter kvart. Dersom vêr og forhold tillet det, er også turridning med leiar mogleg ein gong i blant.

Lett øvd:

Som øvd ryttar meistrar du hesten i skritt, trav og galopp. Du får også prøve deg meir og meir på sprangbanen. På dette kurset inngår også lette dressurøvingar. Dersom vêr og forhold tillet det, er også turridning mogleg ein gong i blant.

Dressur (øvd):

På dei vidarekomne timane jobbar vi med å ri hesten til tøylen i alle gangartar. Sprang og dressur er meir avansert enn på dei øvrige nivåa.

Sprang (øvd):

På dei vidarekomne timane jobbar vi med å ri hesten til tøylen i alle gangartar. Sprang og dressur er meir avansert enn på dei øvrige nivåa. For å kunne melde deg på eit reint sprangkurs skal eleven ha fullført eit kurs på øvd nivå eller etter avtale med instruktør.

Knøttekurs:

For barn mellom 3 -6 år. Dette kurset er for dei alle minste, og gjeld opp til 6 år. Her vert det lagt vekt på trivsel, glede og læring i trygge omgjevnadar. Det viktigaste er at barna får positive opplevingar med hest i fokus. Her anbefalar vi at foreldre er med og leier. Dersom du ikkje har anledning til dette, kan vi stille med leier etter avtale.

Rekrutteringstime:

Dette er ein ridetime for deg som vurderer å starte i rideskulen, men som har lyst til å prøve fyrst. Desse timane har ingen opplæringsplan.