Om rideklubben

Rosendal rideklubb vart stifta 27. november 2006. Laget hadde det meldingsåret 62 medlemar. Vi hadde 29 ryttarar på kurs tysdagar og torsdagar den hausten, dei rei på eigne eller dei lånte hestar.

I oktober 2006 vart rideundervisninga flytta frå Kvinnherad Hesteskysslag sin utandørs ridebane og inn i den nye ridehallen i Rosendal. Stall Rosendal er privat eigd.

Vi har medlemar/aktive ryttarar nesten frå heile Kvinnherad, frå Sandvoll til Mauranger, Åkra, Hatlestrand, Ølve og Mundheim.

Vi har lyst å vera ein klubb der ALLE føler seg velkomne, med eller utan eigen hest, store og små.

Vi har lyst å vera ein god klubb for ALLE medlemane våre, og set difor stor pris på ris/ros, og ikkje minst innspel med f.eks. forslag til aktivitetar medlemane våre ønskjer at vi skal arrangera.

Stall Rosendal

Rosendal rideklubb har sin 'base' ved Stall Rosendal. Stall Rosendal gjev husrom til 17 ponniar/hestar, og har innandørs ridebane på 40m x 20m. Stall Rosendal er privat eigd av Leiv Kristian og Vibeke Skåla.

Stallen ligg i naturskjønne omgjevnadar i vakre Rosendal, med mange fine turmoglegheitar.

Vedtekter, stiftingsprotokoll, lover

Her finn du protokoll frå stiftingsmøtet til Rosendal rideklubb og vedtekter basert på lovnorm for idrettslag.

Vedtekter

Rosendal rideklubb si handtering av politiattestar

Nedfor ligg det ein link til korleis rideklubben handterar politiattestar.