Visste du at...

  • Clear Round bedømming er ein konkurranseform utan rangering av ekvipasjane.  Alle som gjennomfører feilfritt får sløyfe.  Viss ekvipasjen får feil ved første forsøk får dei tillatelse til å prøve ein gang til. Ved fall eller styrt ved første forsøk får ikkje ekvipasjen starte en gang til.
 
  •  Feil og Stil bedømming er ein konkurranseform der stilpoeng erstattar tida.  Fyrst rangerer vi etter feilpoeng - deretter etter stilpoeng. Overskridelse av tillatt max tid fører allikevel til eliminering.  Det er stildommar som set stilpoeng.  Skjema som stildommer brukar kan du finne på www.rytter.no.  Hensikten med Feil og Stil er å vektleggje betydningen av ein balansert og smidig sits, bruk av riktig tempo og gode veier,samt korrekt ridning og trening av hesten for utvikling av ferdigheter innen sprangridning.
 
  • Begrepet PONNI er hestar med mankehøgde til og med 148 cm.  Er hesten 148,1 cm høg kallas den HEST og ikkje PONNI. 
    I tillegg inndeler vi  ponniar i 4 kategoriar:   Kategori 4 ponni: under 107 cm, Kategori 3 ponni : 107,1 cm - 130 cm, Kategori 2 ponny :130,1 cm - 140 cm og Kategori 1 ponni : 140,1 cm - 148 cm.
  • Alle rytterar pliktar å helse til dommar før start i ein konkurranse - og også etter premieutdeling.  Dette gjelder både ved sprangstemner, dressurstemner, voltisje, feltridning og kjøring.
  • Ved premiering på ridestemner reknar vi eit visst antall ekvipasjar(hest rytter) som plasserte.  Kor mange plasserte i ein klasse avheng av kor mange det er som startar klassen.  Vi rekner 1 plassert pr påbegynt 4 ekvipasjer.  Eksempel:  1 - 4 startande i klassen:  1 plassert ( dvs 1 ekvipasje som får premie)  5 - 8 startande i klassen:  2 plasserte ( to som får premie)  9 - 12 startande i klassen : 3 plasserte.
  • Vi skal gje Rosett til samtlege plasserte ekvipasjer i ein klasse.  1.plass får nasjonalfarga rosett ( kvit, raud og blå) 2. plass får raud rosett, 3.plass får blå rosett, 4.plass får grøn rosett og 5.plass og påfølgjande plasserte får gul rosett .  Ved Clear Round bedømming er det ingen rangering av dei startande i klassen.  Alle som vert godkjent får clear-round sløyfe.
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nytt
VANNING AV BANEN OG HESTESKIT!!
Les meir[16.05.2012]
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM DELTOK PÅ DUGNADEN 6.MAI!!
Les meir[08.05.2012]
VARETELLING RIMI 6.MAI!
Les meir[02.05.2012]
Fjordhest NM på Voss
Les meir[02.05.2012]
Igjen flotte prestasjoner av Miriam og Silver!
Les meir[02.05.2012]
John Harald trening 1.mai
Les meir[26.04.2012]
Feltritt trening på Stend!!
Les meir[25.04.2012]
Stevnesesongen er i full gang!!
Les meir[24.04.2012]
Knøttekurs i helgen 21.-22.4- banen stengt!
Les meir[20.04.2012]

Sponsorar
Umoe Schat-Harding AS
iDrift AS

Utviklet av iDrift AS