Informasjon til sponsorer

Ønsker du/din bedrift å bli sponsor for Rosendal Rideklubb?
 

LITT OM KLUBBEN VÅR

Rosendal Rideklubb (heretter omtalt som RR) vart etablert i november 2006. Sidan den gong har vi arrangert ridekurs i sprang, dressur og kjøring. Klubben prøver å ha et tilbod til alle, både barn, ungdom og vaksne. 

 I tillegg til ukentlige ridekurs har vi og helgekurs der vi leiger inn profilerte trenarar frå andre stader.  Kursaktiviteten vår fostrar frem fleire og fleire dyktige ryttarar, som i dag reiser rundt i heile landet og konkurrerar. Dei har ofte med seg gode resultat heim.

Klubben held til i ridehallen til Stall Rosendal.  Frå mai 2010 overtok RR ansvaret for ridebanen.  Det vil sei at klubben leiger heile banen for ein gitt sum pr. mnd. Det er og klubben som driv all aktivitet i banen, og kan leiga den ut til andre aktivitetar ved førespurnadar. 

 

Det er fleire andre aktivitetar klubben driv med utanom ridekurs. Blant anna vert det arrangert stemner, opne dagar og turistriding. All aktivitet som klubben har, enten på anlegget i Rosendal eller ute på stemner, vert omtalt på den mykje brukte heimesida, www.rosendal-rideklubb.no

 

For å ivareta det miljøet vi har bygd opp, samt å vidareutvikle klubben treng vi sponsor inntekter for å kunne finansiera aktivitetane, i tillegg til eigenbetaling.

  

EIN LITEN TANKEVEKKAR

Forsking visar at det å omgås dyr, og då spesielt hest, får barn og ungdom til å ta ansvar.  Dette visar igjen i voksen alder i yrkeslivet der dei ofte går inn som leiarar.  Forsking visar og at folk med psykiske lidingar finn det å driva med hest som god terapi.  Dette har vi i RR allereie eksempel på, der vedkommande etter å ha begynt med hest, tilnærma slutta med medisinar. 

 

TILBUD

Gullsponsor: 10 000,-pr. år. 2 år.

Reklameskilt på veggen i ridehallen og utenpå klubbhuset.

Reklame på heimesida vår.

 

Sølvsponsor: 5 000,- pr. år. 2 år.

Reklameskilt på veggen i ridehallen.

Reklame på heimesida vår.

 

Bronsesponsor: 3 500,- pr. år. 1 år.

Reklame på heimesida vår.

 

Send kontaktopplysningar til: post@rosendal-rideklubb.no

Betal til:3460 12 45118

  

FORDELAR MED Å VERA SPONSOR FOR ROSENDAL RIDEKLUBB

·         De bidrar til at RR kan oppretthalde eit fritidstilbod til unge og eldre i Kvinnherad.

·         De bidrar til at RR blir satt på kartet innan ridesporten.

 
Vi håpar De vil vera med og støtte RR og bidra til ytterligare utvikling av ridesporten i Kvinnherad. 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nytt
AEG 2012
Les meir[22.02.2012]
DUGNAD!!
Les meir[21.02.2012]
Kjøring i banen!
Les meir[20.02.2012]
Nytt hindermateriell!!
Les meir[15.02.2012]
Charlotte kurset i helgen AVLYST!
Les meir[15.02.2012]
STENGT BANE I HELGEN!
Les meir[14.02.2012]
AEG 2012 - 16-26. feb.
Les meir[10.02.2012]
Charlotte Borlaug!
Les meir[08.02.2012]
Nytt Knøttekurs!!
Les meir[05.02.2012]

Sponsorar
Umoe Schat-Harding AS
iDrift AS

Utviklet av iDrift AS