Korleis deler vi inn i grupper? |
Merk: Det er alltid fire ryttarar på kvar gruppe i sprang. I dressur kan vi vera fire til seks, men vi prøver å tilpassa det til det folk ønskjer.
|
| |
|
Nybegynnar dressur: Stell av hest, saling, leiing, adferd på ridebanen, tryggleik, rideutstyr (klede, sko osv), sits osv.
Skritt/Trav. Enkle øvingar i skritt og trav. Målet bør vera å gjera øvingane
rett i skritt først, for eksempel bruk av ridevegane.
|
| |
|
Lett øvd dressur: No meistrar ryttaren hesten i skritt og nokonlunde i trav. Målet her er å gjera øvingane rett i trav, både i lett sits og nedsittande. Ryttarane kan her få byrja å læra galopp, men det blir ikkje byrja på nokon
øvingar i galopp før ryttaren kan sitta roleg og stabilt ned i salen.
Galoppen er derfor bare ein slags ”bonus” på slutten av timen.
|
| |
|
Øvd dressur: No meistrar ryttaren øvingar i trav. Ho/han kan lettriding (dvs. sitta på rett fot) i tillegg til å sitja kontrollert ned i salen. Her byrjar ryttarane
å gjera øvingar i galopp, i tillegg til at dei får ei innføring i halvparadar
slik at dei kan trena på mjuke overgangar i både skritt, trav og galopp.
|
| |
|
Ryttaren meistrar hesten i galopp og kan no øva på fleire øvingar i galopp.
Her kan det bli stilt litt større krav til halvparader og kontrollerte
overgangar. Et anna mål her kan være større krav til korrekt sits, som for
eksempel voltesits.
|
| |
|
Vidarekomne dressur: Ryttaren meistrar hesten i alle gangarter. Målet her er å læra øvingar som sjenkelvikning, bakdelsvending, aukingar, versadar osv. Målet er at ryttaren skal kunne ri dressurprogram opp til LA. Kor langt vi når kjem an på kvar hest og ryttar.
|
| |
|
Nybegynnar sprang: Ryttarane meistrar hesten i alle gangartar, og har kunnskapar tilsvarande dei tre første dressurkursa. Her vert det lagt vekt på at ryttaren skal få opplæring i grunnarbeidet i sprang. Det vert lagt stor vekt på bakkearbeid og bomarbeid, men det vert òg høve til å få hoppe litt dersom rideinstruktøren meiner elevane er klar for det.
|
| |
|
Vidarekomne sprang: Ryttarane meistrar hesten i alle gangartar og har delteke på nybegynnaropplæring i sprang. Her vert det trening med bommar, kavalettar og ulike hopp-kombinasjonar. Kor langt vi når kjem an på kvar hest og ryttar.
|
| |
|
Det er ikkje sikkert vi klarar å ha grupper der alle er på akkurat same nivået, men vi prøver så godt vi kan!! |
| |
| |
|
|
|
|