Informasjon om rideskulen |
NO ER DET PÅ TIDE MED PÅMELDINGAR FOR HØSTEN 2011 |
| |
Rideklubben har ridekurs som går frå januar til juni og frå august til desember. Vi har grupper i dressur og sprang. Gruppene blir delt inn etter nivå på ryttarane så langt dette er mogleg. Sjå nedanfor oversikt over kva som ligg under dei ulike nivåa. |
| |
For å melda seg på, bruk påmeldingsskjemaet. |
| |
Det er de som melder dykk på som bestemmer om det vert sprang eller dressur timar. Vi har satt opp eit forslag, det blir slik dei fleste ynskjer. |
| |
I vekedagane når det er ridekurs er det nokon av medlemane som får i oppdrag å passa på rideskulehestane. Dei tar boksen og lagar fôr. |
| |
Det er dei som brukar rideskulehestane fyrst som steller og salar på, og dei som rir sist salar av. Slik må nokon rekna lenger tid i stallen enten før eller etter timen sin. Det er ikkje alle kursdeltakarane som er høge nok til f.eks. å klara og leggja salen på hesten. Då lyt føresette eller andre ansvarlege personar vera med på dette. Er det eit problem, tek ein kontakt med rideklubben og så prøver vi å finna ei løysing på det. |
| |
Nedre aldersgrense for å melda seg på rideskulen er 7 år. |
| |
Det er føresette eller ein annan ansvarleg person for den enkelte som går på kurs som er med og leier dei som treng verta leid, det er INSTRUKTØREN som bestemmer om ein treng verta leid eller ikkje. |
| |
|
| |
| |
|
|
|
|