Innleigde instruktørar til helgekurs og andre kurs

OBS! Ang. pris: For de som ikke har betalt medlemsavgift, blir Charlotte kursene 150 kr dyrere!!
 

John Harald Magnussen
John Harald er 35 år og har ridd i 22 år. Han er utdanna trenar 2 og instruktør i sprang. Det har han vore i 15 år. Han har sjølv konkurrert aktivt i sprang i ca 10 år, i klassar opptil 1.40 m og delteke i hallmeisterskap for både junior og Young rider. I dag er han fast spranginstruktør for Lysefjorden rideklubb, i tillegg har han treningar no og då ved andre rideklubbar i Bergensområdet. Nokre av ryttarane hans konkurrerer i 1.30 m, nokon har delteke i Glava Cup og gått på NTG. Han er banebyggjar og stort sett fast inventar på sprangstemne i Bergen.

 

Du må kunne alle gangartar for å vera med, elles får du god opplæring og veiledning av John Harald.

 

Dette er svært lærerike kurs og vi oppfordrar 'nye' ryttarar til å melda seg på.

 

Pris medlem: kr. 1000.- pr.kurs

Pris - ikkje medlem: kr 1300.- pr. kurs.

 

På kurset med John Harald rir ein 1,5 time laurdag og 1,5 time søndag i grupper på fire.

 
 

Silje Halland

 

Silje er 24 år og har i 18 av desse åra halde på med hest.

Den fyrste hesten hennar var ein 16 år gammal spranghest som ho trente frå LC til MB dressur. Ho starta og sprang opp til 110m, men det var dressur ho ville satsa på.

 

Ho har no kjøpt ein 8 år gammal dansk varmblod som snart er klar for middels. Ho rir til vanleg for Charlotte Borlaug, men har og ridd for div. gjestetrenarar som Marit Delebekk, Per og Helen Waaler og Lillian Grepne.

 
 

Silje kan undervise frå nybegynnarar til utøvarar i Middels.

 

Ho kjem ein eller to dagar, alt etter pågangen frå dei som vil på kurs!

 

Pris medlem; 350 for ein dag og 600 dersom du vil begge dagane.

 

Pris -ikkje medlem; 500 for ein dag og 1000 for begge dagane.

 
 

Charlotte Borlaug


Charlotte er 37 år og har ridd i 27 av dei. Ho instruerer i dressur og har gjort det i 13 år. Hun har budd i Danmark i 5 år, der vart ho juniormeister. Charlotte er utdanna trenar 2 i Noreg. Ho har delteke fleire gonger i NM. Dei siste 10 åra har ho hatt elevar som har delteke i NM. I dag har ho ein ponniryttar på landslaget.

 

Kursa er kun opne for medlemmar i rideklubben.

Pris pr. kurs kr. 500.-

 

Ho underviser ein og ein i 30 min.

 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nytt
VANNING AV BANEN OG HESTESKIT!!
Les meir[16.05.2012]
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM DELTOK PÅ DUGNADEN 6.MAI!!
Les meir[08.05.2012]
VARETELLING RIMI 6.MAI!
Les meir[02.05.2012]
Fjordhest NM på Voss
Les meir[02.05.2012]
Igjen flotte prestasjoner av Miriam og Silver!
Les meir[02.05.2012]
John Harald trening 1.mai
Les meir[26.04.2012]
Feltritt trening på Stend!!
Les meir[25.04.2012]
Stevnesesongen er i full gang!!
Les meir[24.04.2012]
Knøttekurs i helgen 21.-22.4- banen stengt!
Les meir[20.04.2012]

Sponsorar
Umoe Schat-Harding AS
iDrift AS

Utviklet av iDrift AS